Hamna i Arkhangelsk i 1896, då pomorhandelen var på topp.
Nordkalotten med hovudbyar knytt til pomorhandelen

Pomorhandel (av russisk помо́ры; po «ved» og more «hav»; «kystbuarar». Same ord som ligg til grunn for Pommern, òg kalla Russehandel er ei nemning på en handels- samkvemet mellom pomorane i Nordvest-Russland og folket langs kysten av Nord-Noreg, så langt sør som til Bodø. Denne handelen gjekk føre seg frå 1740 og fram til den russiske revolusjonen i 1917. Det nære samkvemet gav seg mellom anna utslag i danninga av eit eige pidginspråk, russenorsk. Språket var ei blanding mellom russisk og norsk.

Pomorhandelen var i utgangspunktet ein bytehandel mellom folk i nordområda, med kornprodukt frå Russland mot fisk frå Nord-Noreg som hovudhandelsvare. Etter kvart utvikla dette seg til å verta ein pengehandel, og faktisk vart rubelen nytta som valuta fleire stader i Nord-Noreg. Pomorhandelen var av stor tyding både for nordmenn og russarar. Handelen gjekk føre seg ved at russiske pomorar frå Kvitsjøtraktene og Kolahalvøya kom siglande til fjordbygder og handelsplassar langs kysten av Nord-Noreg. Pomorane var dyktige handelsmenn og sjøfararar, og dei utforska også områda kring Kvitsjøen. I tillegg til at dei seilte vestover med handelsvarer, etablerte dei òg ei handelsrute austover forbi Uralfjella til Nord-Sibir.

Bakgrunnsstoff

Litteratur