Pram i Nidelva.
Foto: Ohlen
Pram i Besserudtjernet.
Foto: Narve Skarpmoen

Pram eller eike er ein båt som er mellom 7 og 12 fot lang og har eit eller to par årar og tollegang. Båten er plattgatta, det vil seia at han har spegel i båe endar. Akterspeglet er størst, forspeglet er liten, halvmåneforma og oftast ca 30 cm i diameter. Båten er bygd opp av bord som er klinka saman med båtsaum og borda er festa til spant og spegl. Typisk for prammar er at dei har eit botnbord og manglar kjøl og botnen er like rund som speglane. Prammar er breiast og djupast litt attom midten, mens nokre er breiast og djupast litt framom.

Ordsoge

Ordet pramgamalnorsk prámr, truleg eit gamalt lånord frå gamalslavisk pramu , som tyder båt. Det er truleg avleia av indogermansk pormo til indogermansk per, som tyder «å setja over». På Vestlandet og i Agderfylka tyder ordet opphavleg ei ferje om forskjellige typar av flatbotna båtar, pråm eller pram.

Frå stokkebåt til pram

Det vert hevda at prammar er ei vidareutvikling frå stokkebåten som var ein uthola trestokk. På ein del av dei stokkebåtane som er funne og undersøkt, er det ei rad med små hol langs øvre del på kvar side. Det tyder på at det har vore festa ein bordgang oppå kvar av sidene slik at stokkebåten vart ein betre båt og meir tilspissa i framenden. Det vart starten på ei utvikling frå den trauste stokkbåten til ein plattgatta båt utan kjøl. Den opphavlege stokkebåten vart utvikla til å bli ein båt med eit botnbord som og vart kjøl. I framenden var det festa ei treplate som vart mindre og mindre med tida.

Den norske prammen

Som robåt er den lett å ro og er fin å sno seg fram i vanskeleg og grunne farvatn og vart ofte brukt til skipsbåt.

Dei ulike typane

Norske prammar

Danske prammar

Svenske prammar

Nederlansk pram

Kjelder