Geologiske periodar
sjå • diskuter • endre
-4500 —
-4000 —
-3500 —
-3000 —
-2500 —
-2000 —
-1500 —
-1000 —
-500 —
0 —
Skala:
Millionar år sidan

Prekambrium eller urtida er eit uformelt namn på eit såkalla supereon som består av eon av geologiske periodar som kom før fanerozoikum. Perioden varte frå jorda vart skapt for om lag 4500 millionar år sidan og fram til om lag 542 millionar år sidan då mange makroskopiske dyr med hardt skall dukka opp. Dette markerte byrjinga på kambrium, den første perioden av den første geologiske æraen i fanerozoikum. Han er kalla opp etter det romerske namnet på Wales - Cambria - der bergartar frå denne tidsalderen vart studert.

Oversyn

Ein veit særs lite om prekambrium trass i at perioden varte om lag sju åttandedelar av jorda si historie, og det vesle ein veit er stort sett oppdaga dei siste 40-50 åra. Ein har funne få fossilar frå prekambrium og dei fossila som er funne (som av stromatolittar) vert stort sett berre nytta til biostratigrafisk arbeid.[1] Mange prekambriske bergartar er sterkt metamorfe og skjuler korleis dei oppstod, medan andre anten er øydelagd av erosjon eller ligg gravlagd djupt under lag frå fanerozoikum.[2][3]

Ein meiner at sjølve jorda oppstod av stoff som krinsa rundt sola for om lag 4500 millionar år sidan og kan ha vorte treft av ein særs stor planetesimal på storleik med planeten Mars kort tid etter at ho vart forma. Delar av materialet frå samanstøyten kom i saman og forma månen. Ei stabil jordskorpe var truleg på plass for rundt 4400 millionar år sidan, sidan zirkonkrystallar frå Vest-Australia har vorte datert til 4404 Ma (millionar år sidan).

Uttrykket prekambrisk er noko utdatert, men er framleis ofte i bruk hos geologar og paleontologar. Eonet vart ei kort stund òg kalla kryptozoikum. Dei føretrekte uttrykka proterozoikum, arkeikum og hadeiukm ser ut til å ta over som namn på eonet etter kvart.

Livet før kambrium

For meir om dette emnet, sjå abiogenese.

Ein veit ikkje kor tid livet oppstod, men karbon i 3800 millionar år gammal stein frå øyar utanfor Vest-Grønland kan vere av organisk opphav. Godt bevarte bakteriar eldre enn 3460 millionar år er funne vest i Australia. Fossil som truleg er 100 millionar år eldre er funne i same området. Frå den tid og resten av prekambrium har ein mange spor etter bakteriar.

Dei første fleircella livsformene ser ut til å ha oppstått for rundt 600 millionar år sidan, om ein ser bort frå eit par omstridde funn som kan vere eldre frå Texas og India. I perioden mellom 542 og 600 millionar år sidan har ein ei forholdsvis variert samling av blaute livsformer frå fleire stader i verda. Desse vert kalla Ediacarafaunaen. Livsformer med eit hardt ytre dukka opp mot slutten av prekambrium.

Ei særs mangfaldig samling av livsformer dukkar opp rundt 544 Ma, mot slutten av prekambrium, med ein lite forstått småmuslingsfauna og endar med ein særs tidleg kambrisk og mangfaldig burgessfauna. Denne raske utviklinga av livsformer vert kalla den kambriske eksplosjonen.

Miljøet på jorda og oksygenkatastrofen

Ein har lite kjennskap til platetektonikk og slikt i prekambrium. Generelt trur ein at det fanst små proto-kontinent før 3000 Ma, og det meste av landmassane på jorda samla seg i eit enkelt superkontinent rundt 1000 Ma. Superkontinentet vert kalla Rodinia og braut opp i fleire kontinent for rundt 600 Ma. Fleire istider har vorte identifisert heilt tilbake til huronistida for om lag 2200 Ma. Den best studerte er den sturtiske-varangiske istida for rundt 600 Ma, som kan ha ført til isbredanning heilt til ekvator og danna ei «snøballjord».

Jordatmosfæren i denne perioden er lite kjend, men ein trur reduksjonsgassar dominerte og at han inneheld lite fritt oksygen. Den unge planeten hadde truleg ein raudaktig farge og hava var kanskje olivengrøne. Mange stoff med uoppløyselege oksyd ser ut til å ha eksistert i hava i hundrevis av millionar av år etter at jorda oppstod.

Etter kvart som livsformene byrja å utvikle fotosyntese og det vart produsert store mengder oksygen. Dette skapte ei økologisk krise som stundom vert kalla oksygenkatastrofen. Oksygenet vart med ein gong butte faste i kjemiske reaksjonar, hovudsakleg med jern, fram til den oksiderbare overflata forsvann og oksygenet byrja å samle seg opp i atmosfæren. Eldre bergartar inneheld lagdelt jern som tilsynelatande vart lagt ned då jern og oksygen først kombinerte.

Inndeling

Mange faguttrykk er nytta om dei første åra jorda eksisterte, men ein har etter kvart starta å samle seg rundt felles uttrykk for periodar ved hjelp radiometrisk datering der ein kan finne spesifikke formasjonar og trekk. Uttrykka arkeikum (eldre enn 2500 Ma), proterozoikum (2500-600 Ma) og neoproterozoikum (600-542 Ma).

Det har vorte føreslått å dele prekambrium inn i eon og æraer som samsvarar med utviklinga til planeten i staden for dei noverande periodane som er basert på numeriske år. Prekambrium kan delast inn i fem «naturlege» eon som følgjer:[4]

  1. Akkreasjon og differensiering: Perioden der planeten vart danna fram til han kolliderte med ein annan planetstor lekam.
  2. Hadeikum: Perioden med det store tunge bombardementet.
  3. Arkeiukum: Perioden då den første jordskorpa vart danna grønsteinbeltet fram til lagdelte jernrike bergartar vart lagt ned på grunn av auka oksygeninnhald i atmosfæren.
  4. Overgangsperiode: Perioden då lagdelte jernrike bergartar oppstod og fram til dei første kontinentale raude laga.
  5. Proterozoikum: ein periode med moderne platetektonikk fram til dei første dyra oppstod.

I Noreg

Bergartane frå prekambrium i Noreg er det me kallar grunnfjell. Det aller eldste grunnfjellet finn ein Finnmark og Lofoten, og desse er 3100 til 2700 millionar år gamle, medan grunnfjellet elles i landet som regel er mellom 2100-1500 til 1100-900 millionar år gamle. I Finnmark og omkring Mjøsa har ein tjukke avsettingar frå sein proterozoikum med grove og feltspatrike sandsteinar kalla sparagmittar og tillittar som ligg oppå grunnfjellet. Ein del av dette kan vere danna under ei eller fleire istider for noko over 600 millionar år sidan. Denne istidsperioden vert kalla Varangeristida.

Kjelder

  1. James Monroe og Reed Wicander, The Changing Earth, 2. ut., (Belmont: Wadsworth Publishing Company, 1997), s. 492.
  2. Monroe and Wicander, s. 492.
  3. Pamela J.W. Gore, "The Precambrian". Vitja 16. august 2008, arkivert frå originalen 2. januar 2007, henta 16. august 2008 
  4. W. Bleeker (2004). «Toward a "natural" Precambrian time scale». I Felix M. Gradstein, James G. Ogg, og Alan G. Smith. A Geologic Time Scale 2004. Cambridge University Press. ISBN 0-521-78673-8. 

Andre kjelder

«prekambrium, prekambrium_-_fossiler» av Inge Bryhni i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

Prekambrium Fanerozoikum  
Hadeikum Arkeikum Proterozoikum