Richard Réti
Ostrauer Morgenzeitung 4. desember 1921
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Kvit i trekket klarar remis

Ei av dei mest berømte sjakkstudiene. Det synest umogleg å nå igjen den svarte bonden, samtidig som det ser ut som svart lett kan stoppe den kvite bonden. Løysinga er å gå på diagonalen med kongen, noko som gjer at kongen nærmar seg begge bøndene samtidig: 1.Kg7! h4 2.Kf6! Kb6 (eller 2...h3 3.Ke7 og den kvite kongen kan hjelpe sin bonde inn til bondeforvandling) 3. Ke5!! (no kjem den kvite kongen akkurat i tide til å nå sin bonde, eller når den svarte bonden) 3...h3 4. Kd6 remis.

Problemsjakk eller komposisjon av sjakkproblem er kunsten å lage eller skape sjakkproblem. Ein person som lagar sjakkproblem er kalla ein problemkomponist.[1]

Eit sjakkproblem er i denne samanhengen namnet på ei spesiell type sjakkoppgåve. For å vere eit sjakkproblem skal det gjerne innehalde følgjande faktorar:

Det finst mange typar sjakkproblem. Dei to viktigaste er:

Det blir arrangert konkurransar både i å laga og i å løyse sjakkproblem, og det blir delt ut sjakktitlar til dei beste. [2]

Fotnotar

  1. Howard, Kenneth S (1961). How to Solve Chess Problems. Courier Dover Publications. ISBN 0-486-20748-X. 
  2. Weenink, H.G.M. (1926). Hume, G.; White, A.C., red. The Chess Problem.