Pterodroma
Kvitbukpetrell, Pterodroma incerta
Kvitbukpetrell, Pterodroma incerta
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Pterodroma
Bonaparte, 1856

Petrellane i den biologiske slekta Pterodroma er sjøfuglar i stormfuglfamilien, slekta inkluderer om lag 32 artar av mellomstore til store petrellar som beitar på overflata av sjøen.

Vestindiapetrell, Pterodroma hasitata
Foto: Richard Crossley/The Crossley ID Guide Eastern Birds

Pterodroma-petrellar skil seg frå lirer i den uryddige måten dei flyg på over havet med raske vengeslag, der lirer seglar meir elegant over bølgjene.

Storvengpetrell, Pterodroma macroptera
Foto: JJ Harrison

Desse fuglane har solide nebb som er tilpassa mjuke byttedyr tatt opp frå vassoverflata, dei har vridde tarmar for å fordøye marine dyr med uvanlege biokjemikaliar. Artane er vanskelege å skilje, mange har mørk overside med lysare underside, kort hale og lange venger.

Pterodroma-petrellar hekkar i koloniar på øyar og lever pelagiske utanom hekkesesongen. Kvart kull er på eitt kvitt egg som dei legg i ei hòle på bakken. Dei er nattlege fuglar.

Artsliste

Pterodroma i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

Kjelder

Fotnotar

  1. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
  3. Nokre artstakson er ikkje anerkjente artar hos BirdLife International, dei er derfor ikkje plasserte inn i ein raudlistekategori. (NR - Not recognized)

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pterodroma