Pull Up Some Dust and Sit Down er det trettande studioalbumet til den amerikanske musikaren Ry Cooder, utgjeve 30. august 2011 på Nonesuch Records .
Etter albumet I, Flathead i 2007, tok låtskrivinga til Cooder ei meir politisk retning, inspirert av finanskrisa seint i 2000-åra og tidlegare protestsongar. Pull Up Some Dust and Sit Down vart skriven og produsert av Cooder, som spelte inn songar i Drive-By Studios, Ocean Studios og Wireland Studios i California. Han spelte ymse instrument og arbeidde med musikarar som Flaco Jiménez, Juliette Commagere, Robert Francis og Jim Keltner.
Pull Up Some Dust and Sit Down inneheld høvessongar med samfunnspolitiske tema frå Amerika på denne tida, som økonomisk ulikskap, sosial urettferd, politikk og krig. Musikken bestod av americana og nyttar tradisjonelle stilartar og musikalsk språk frå historiske kjelder som countryblues, tejano og amerikansk folkemusikk. Kritikarar nemnte dei allegoriske songane skrivne frå synspunktet til arbeidarklassen og den spottande tekstane til Cooder.
Albumet gjorde det greit på salslistar i USA, men ganske bra i Europa. Cooder sa han var desillusjonert over musikkindustrien på grunn av det relativt dårlege salet av plata. Albumet fekk god kritikk då det kom og han vart samanlikna med visesongaren Woody Guthrie.[1]
Pull Up Some Dust and Sit Down fekk god kritikk då det kom ut. På Metacritic fekk albumet ein score på 92 av 100, basert på 14 meldingar.[3]
AllMusic skreiv at det var «det mest tydeleg, politiske albumet til Cooder... og eit av dei mest morosame, og eit av dei musikalsk mest overtydande han har laga».[4]
↑Denselow, Robin (1. september 2011). «Ry Cooder: Pull Up Some Dust and Sit Down». The Guardian (Guardian News and Media Limited). Film & Music section, p. 19. Posted version at Denselow, Robin (1. september 2011). «Ry Cooder: Pull Up Some Dust and Sit Down – review | Music». guardian.co.uk (London). Henta 26. september 2020.
↑«Classifiche» (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. 5. september 2011. Archivio. Arkivert frå originalen 18. mai 2012. Henta 26. september 2020.