Punch, or the London Charivari, eller berre Punch, var eit britisk illustrert vekeblad som inneheldt humor og satire. Det blei grunnlagd i 1841 og gjeve ut heilt til 1992. Det blei så gjeve ut att frå 1996, men avslutta heilt i 2002.
Punch blei grunnlagt i 1841 av Henry Mayhew, Mark Lemon og litografen Ebenezer Landells. Bladet hadde det franske satiriske tidsskriftet Le Charivari som førebilde.[1] Som tittelfigur og maskot hadde det den ville handdokka Mr. Punch. Økonomiske vanskar førte til at det blei selt til forleggjaren Bradbury and Evans i desember 1842.
Vekebladet hadde størst opplag i 1840-åra, men spelte ei betydeleg rolle i britisk kulturliv i fleire år. Etter ei årrekkje med dalande interesse blei det lagt ned i 1992.
I 1996 gjorde finansmannen Mohamad al-Fayed eit forsøk på å vekka bladet til live att, men omlegginga til eit moderne storbymagasin i stil med The New Yorker var mislukka, og det gjekk inn på nytt i 2002.
Fleire framståande teiknarar og forfattarar frå Storbritannia var knytte til Punch. Lista under viser eit utval av forfattarar og illustratørar som har bidrege med tekstar og teikningar.