Dette er ein artikkel for masseeininga pund. Pund kan også vere ein eining for pengar, sjå til dømes Britisk pund eller Isle of Man-pund
Nemninga pund er òg brukt om bismarpund

Eit pund er ei eining for mål av masse som har gått ut av bruk i Noreg, men framleis er i bruk i USA og Storbritannia. Ordet pund kjem frå det latinske pondus som tyder vekt.

Skandinavisk pund

Noreg fekk felles mål- og vektsystem med Danmark ved forordning i 1683. I lov av 28. juli 1824 vart eit norsk handelspund definert som vekta av 1/62 kubikkfot vatn.

I 1875 vart det norske pundet fastsett til 498 gram. Det svenske pundet var berre 425 gram og vart ofte kalla skålpund. Det er til tider forvirrande at ordet pund også vart brukt om bismarpund - det gjekk 12 skålpund på eit bismarpund.

Eininga er i Det nye testamentet bruka både som måleining for masse[1] og som pengeeining.[2]

Pundet i ulike land

Oppdeling

Eit pund som pengevekt eller som medisinvekt hadde anna vekt enn eit vanleg pund.

Kjelder

Referansar

  1. Joh. 12,3
  2. Luk. 13,2
  3. Lov om metrisk Maal og Vægt (1875) (PDF), arkivert frå originalen 13. august 2011, henta 22. februar 2010 
  4. Ordforklaring i Bibelen, Det Norske Bibelselskap 1978