Qalansawe | |||
קַלַנְסֻוָה, قلنسوة, Kalansuwa, Qalansuwa, Kalansoueh[1] | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Koordinatar | 32°16′56.34″N 34°59′0.27″E / 32.2823167°N 34.9834083°E | ||
Areal | 7,8 km² | ||
Folketal | 18 500 (2008) | ||
Folketettleik | 2 372 / km² | ||
![]() Qalansawe 32°17′06″N 34°58′52″E / 32.285°N 34.981111111111°E | |||
Wikimedia Commons: Qalansuwa | |||
Qalansawe, òg Qalansuwa, (arabisk skrift قلنسوة, hebraisk skrift קַלַנְסֻוָה; ordet tyder «turban»)[2][3] er ein arabisk by i Sentral-Israel i Israel. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå hadde byen mot slutten av 2007 eit folketal på 18 500, nesten utelukkande arabarar og nesten ingen jødar.[4] Qalansawe er ein del av Triangelet.
Frå 800-talet og fram til krossfarartida, var Qalansawe stoppestad på vegen mellom Kairo og Damaskus, mellom Lajjun og Ramla.[5]
I krossfarartida vart landsbyen kalla Calanson, Calansue, Calanzon eller Kalensue.[6] I 1128 vart han gjeven til Maltesarordenen av riddaren Godfrey av Flujea.[7][6] Yaqut (†1229) skreiv at Qalansawe og Planborga, som høyrte til krossfararane, var ei borg nær Ramla. Byen vart verande hos Johanittarordenen (utanom i 1187–1191) fram til Baibars tok han i 1265.[6] I denne perioden verka herren av Caesarea å ha heldt på herredøme.[6] Det finst restar av krossfararborga i dag.[6]
I 1596 stod Qalansawa oppført i osmanske skattelister som ein del av Bani Sa'b nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 29 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, geiter eller bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[8]
Seint på 1800-talet vart landsbyen skildra som mellomstor og sete for ein kaymakam. I sentrum av landsbyen stod eit krossfarartårn og sal, omgjeve av landsbyhus, hovudsakleg laga av adobe. Brunnar og ei kjelde i vest gav dei vatn.[9]
I folketeljinga i 1931, utført av dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Qalansawe 225 hus og eit folketal på 1 069 muslimar, inkludert nærliggande beduinleirar.[10]
I 1945 hadde landsbyen 1540 arabiske innbyggjarar, som i alt eigde 17 249 mål land.[11]
Under den israelsk-arabiske krigen 1948 gjekk jødiske styrkar for å erobre og øydeleggje Qalansawe,[12] men landsbyen vart ikkje teken[13] og berre overført til israelsk suverenitet i mai 1949 som ein del av den israelsk-jordanske våpenkvileavtalen.[14] Politiske omsyn hindra at landsbybuarane vart forviste.[15]
I 1962 hadde landområdet til landsbyen falle til 6 620 mål, hovudsakleg på grunn av ekspropriasjon av landområde av Israel i 1953–1954.[16]
Fotnotar