Qatanna | |||
قطنّه, Qatanaa, Qatna | |||
kommune | |||
Namneopphav: Vesle[1] | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Jerusalem guvernement | ||
Koordinatar | 31°49′53.48″N 35°06′31.76″E / 31.8315222°N 35.1088222°E | ||
Areal | 3,6 km² | ||
Folketal | 7 500 (2006) | ||
Folketettleik | 2 083 / km² | ||
![]() Qatanna 31°49′53″N 35°06′32″E / 31.831522222222°N 35.108822222222°E | |||
Qatanna (arabisk قطنّه) er ein palestinsk by sentralt på Vestbreidda i Jerusalem guvernement, 12 kilometer nordvest for Jerusalem. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på kring 7 500 innbyggjarar i 2006.[2]
Qatanna ligg 650 meter over havet. I nærleiken ligg Biddu i aust og Beit Liqya i nord.[3]
Qatanna har vore busett sidan romersk og bysantinsk tid med fleire gamle vegar og mange gravholer.[4]
Han vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og Qatanna stod oppført i osmanske skattelister i 1596 som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 12 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, oliven, tilfeldige inntekter, geiter og/eller bikubar.[5]
I 1863 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen og estimerte at han hadde kring 250 innbyggjarar.[6]
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine staden som ein «liten landsby i ein djup, smal dal, med fine olivenlundar og grønsakshagar.»[7]
I folketeljinga i 1922 hadde Qatanneh 633 innbyggjarar, alle muslimarar.[8] Dette hadde auka i folketeljinga i 1931 til 875, framleis alle muslimar, i 233 hus.[9]
I 1945 Qatanna eit folketal på 1 150, alle arabarar, med 9 464 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 1 829 mål var plantasjar og irrigert land, 1 603 nytta for korn,[11] medan 32 mål vart utbygd land.[12]
Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, vart mykje av landområdet til Qatanna erklært eit «ingenmannsland» som utgjorde ein del av den demilitariserte sonen mellom våpenkvilelinjene i israelsk og jordansk territorium. Etter 1995 vart 716 mål av landområdet til Qatanna overført til Den palestinske sjølvstyresmakta.[3]