Qikiqtaaluk | |||
region | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Provins | Nunavut | ||
Areal | 970 554,61 km² | ||
Folketal | 19 355 (2021)[1] | ||
![]() Qikiqtaaluk 70°N 80°W / 70°N 80°W | |||
Wikimedia Commons: Qikiqtaaluk Region | |||
Qikiqtaaluk (inuktitut Qikiqtani, ᕿᑭᖅᑖᓗᒃ) eller Baffin Region er ein av dei tre administrative regionane i Nunavut i Canada. Han er både den austlegaste[2] nordelgaste og sørlegaste regionen i Nunavut. Med eit folketal på 18 988 og eit areal på 989 879,35 km² er han den største og den folkerikaste av dei tre regionane.[3] Qikiqtaaluk er større enn dei fleste land i verda, berre 27 land er større.
Qikiqtaaluk er det tradisjonelle inuktitutnamnet på Baffinøya.[4] Sjølv om Qikiqtaaluk Region er mest brukt som namn i offisielle samanhengar, føretrekk fleire institusjonar, som Statistics Canada,[3] det eldre namnet Baffin Region.
Regionen omfattar Baffinøya, Belcherøyane, Akimiskiøya, Manseløya, Prince Charles-øya, Bylotøya, Devonøya, Baillie-Hamiltonøya, Cornwallisøya, Bathurstøya, Amund Ringnes-øya, Ellef Ringnes-øya, Axel Heiberg-øya, Ellesmereøya, Melvillehalvøya, austdelen av Melvilleøya og norddelane av både Prince of Wales-øya og Somersetøya, i tillegg til mindre øya imellom. Regionsenteret og den administrative hovdustaden er Iqaluit, med 7 740 innbyggjarar.[5]