Ragamala-måleri med musikarar, inspirert av ein raga.

Raga (sanskrit रागः /rāgaḥ/, hindi राग /rāg/, tamil ராகம் /rāgam/) er melodireglane som blir brukte innan klassisk indisk musikk. Hindustani- og karnatisk musikk bruker begge ragaer, men utforminga, namngjevinga og klassifiseringa er forskjellig.

Den karnatiske melakarta-ragamen kosalam avmerkt på klavertangentar. Kortnamna på notene er «sa ru gu mi pa dhi nu».

Ein raga kan skildrast som ein sekvens av mellom fem og sju notar. Grunnforma av denne sekvensen kan skildrast om lag som ein skala. Ragaen dannar utgangspunkt for improvisasjon der ein følgjer notesekvensen fram og tilbake. Oppgangen og nedgangen kan vera noko forskjellig.

I hindustanimusikk er ragaene organiserte i thát. Kvar raga er knytt til ei viss stemning, årstid, tid på døgnet, hendingar, kjensler og etiske kvalitetar. Ein har også organisert ragaer i 6 rāga-rāgini med ein «mannleg» og ein «kvinneleg» raga i kvart par, i tillegg til «søner» og «svigerdøtrer» av desse para. Personifiseringa av ragaene inspirerte ei rekkje ragamalamåleri. Denne klassifiseringa er likevel ikkje vanleg i dag.

I karnatisk musikk deler ein ragaene inn etter grunnleggjande ragaer (melakarta) som har gjeve eller kan gje opphav til ei rekkje underragaer.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Raga
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.