Re Fotballklubb | |||
Fullt namn | Re Fotballklubb | ||
---|---|---|---|
Grunnlagd | Ukjend | ||
Heimebane | Ingen (Kapasitet: 700) | ||
Hovudtrenar | Noreg Hein Irgens Henriksen | ||
Liga | 4. divisjon (2013) | ||
|
Re Fotballklubb (stifta 24. november 2008) held til i Re kommune i Vestfold. Klubben blei etablert etter ei samanslåing av dei lokale klubbane Ivrig og Ramnes. Re FK overtok dermed plassen til Ivrig i 4. divisjon. A-laget i klubben spelar 2013-sesongen i 4. divisjon.
Re sine heimedrakter er svarte med kvite striper på ermene. Dei har inga bortedrakt, av di ingen i lokalområdet spelar med svarte drakter. Det blei først bestemt at draktene skulle vere kvite, men sidan så mange lag i lokalområdet har kvite drakter, så enda det med svart. Eit anna alternativ til draktfarge var grønt og gult, som representerer fargane i kommunevåpenet til Re Kommune.
Periode | Produsent | Sponsor |
---|---|---|
2008– | Adidas | Meny |
Klubbkampane blir spelt på Bergsåsen idrettspark eller på Bibomyra. I tillegg er den nybygde Meny Arena eit alternativ på vinterstid.
Hein Henriksen er trenar for Re Fotballklubb. Under er det ei liste over alle som har trent Re, frå 2008 til i dag.
Namn | Nasjonalitet | År |
---|---|---|
Kristoffer Aas | Noreg | 2008–2009 |
Hein Irgens Henriksen | Noreg | 2009–2010 |
Leif Roger Budeng-Larsen | Noreg | 2011 |
Tore Flaatnes | Noreg | 2011 |
Hein Irgens Henriksen | Noreg | 2011- |
Sesong | Divisjon | Kampar | Sigrar | Uavgjort | Tap | Poeng | Sluttplassering |
---|---|---|---|---|---|---|---|
2012 | 4. div | 20 | 9 | 1 | 10 | 28 | 6. |
2011 | 3. div | 26 | 5 | 2 | 19 | 17 | 14. |
2010 | 4. div | 22 | 19 | 2 | 1 | 59 | 1. |
2009 | 4. div | 22 | 12 | 3 | 7 | 39 | 3. |