Regionalisering i språkutviklinga viser til ei utvikling i norsk talemål dei siste tiåra der skilnadene mellom dei tradisjonelle bygdedialektane blir utjamna innan større område. Ofte er det byar eller større sentra innan regionane som påverkar språkutviklinga mest, og mykje tyder på at folkemålet i desse byane har større innverknad enn prestisjemålet. Trass i denne utviklinga held mange av dialektskilnadene mellom regionane seg. Talemålet syner seg meir sjølvstendig og robust andsynes påverknad frå skriftspråk og massemedia enn mange har trudd.[1]

Regionaliseringa synest å følgja same mønster som ein kan rekonstruera for eldre språkutvikling der eit talemålstrekk spreier seg frå eitt eller fleire kjerneområde. Døme på slike «spreiingsområde» i dag er Austlandet med Oslo, Rogaland med Stavanger, Midt-Vestlandet med Bergen, Trøndelag med Trondheim og Nordland med Bodø.[2]

Bakgrunnsstoff

Fotnotar

  1. Sandøy 1990 i Den store dialektboka, s. 85
  2. Skjekkeland 1997, s. 22-24.