Richard Simonsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. august 1945 (78 år)
Idrett friidrett

Richard Simonsen (fødd 20. august 1945) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar som tevla på sprintdistansane. I tida 1967-71 vann han åtte norske meisterskapstevlingar, fire av dei på 400 meter. Han var medlem IL Vestar og til sist av Kristiansands IF.

Aktiv

[endre | endre wikiteksten]

Simonsen var eit naturtalent som med mindre trening suste inn i norsk sprintelite i 1963. Han presterte då 10,6 på 100 m, 21,4 på 200 m og 47,9 på 400 meter, særleg imponerande var tidene på 200 m og 400. Dei neste åra hadde han tidmessig lite framgang, og vart ståande litt i skuggen av Carl Fredrik Bunæs.

Våren 1967, medan han studerte til tannlege i USA, forbetra Simonsen persen på 200 m til 21,2 under eit stemne i Minneapolis. Under dem minneverdige landskampen 20.-21. juni 1967, der Noreg med 111 mot 101 poeng vann ein sjeldan siger over Sverige, vann Simonsen både 100 m, 200 m og 400 m, den siste på sterke 47,0 og sprang på ankeretappane Noreg inn til siger på 4 x 400 m og 2. etappe. Der fekk han vist sine evner i kamp mann mot mann, då det «er som stafettløper han har høstet størst berømmelse».[1]

I åra fram til 1971 var Simonsen den klare einaren i Noreg på 200 m og 400 m. Han flytta den personlege rekorden på 400 m til 46,7 sekundar i 1970, eitt tidels sekund bakom noregsrekorden til Bunæs. Under EM i friidrett 1971 i Helsinki sprang han Noreg inn til norsk landslagsrekord på 4 x 400 m stafett i kvalifiseringa, og til åttandeplass i finalen. Laget, som bestod av Steinar Mo, Gøte Lundblad, Per Rom og Simonsen, er det einaste mannlege norske stafettlaget som har kvalifisert seg til ein stor meisterskapsfinale. Tida dei opnådde, 3.06.67. er framleis, 50 år seinare, gjeldande norsk rekord i øvinga. Simonsen la opp etter 1972-sesongen.

Medaljar i norske meisterskap

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. Magnus Breili: Sport i navn & tall. 1971