60°54′10″N 10°43′29″E / 60.90278°N 10.72472°E
Ringsaker prosti er eit tenestedistrikt i Hamar bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner Ringsaker kommune. Ringsaker kyrkje er prostikyrkje, og prosten er samlokalisert med Ringsaker kyrkjelege fellesråd i Moelv kyrkjesenter.[1]
Prostiet vart oppretta i 2007 då sokna i Ringsaker vart skilde ut frå Hamar domprosti.[2]
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.
Sokn | Kyrkje(r) | Kyrkjeleg fellesråd |
---|---|---|
Brumunddal/Veldre sokn | Brumunddal kyrkje Veldre kyrkje |
Ringsaker |
Brøttum sokn | Brøttum kyrkje Mesnali kyrkje |
Ringsaker |
Furnes sokn | Furnes kyrkje | Ringsaker |
Nes sokn i Ringsaker | Helgøya kyrkje Nes kyrkje på Hedmarken Stavsjø kyrkje |
Ringsaker |
Ringsaker sokn | Ringsaker kyrkje | Ringsaker |
Åsmarka sokn | Åsmarka kyrkje | Ringsaker |