Robin Grov
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. mai 1994 (30 år)
Oslo Sjå dette på Wikidata
Yrke sportskommentator
Organisasjon TV 2 Sport

Robin Grov (fødd 13. mai 1994) er ein norsk sportskommentator. Han er kjend for å kommentera landslagkampar i fotball for TV2 som ingen ser.[1]

Karriere

[endre | endre wikiteksten]

Robin Grov vart fødd 13. mai 1994, og voks opp på Kampen i Oslo. Han spelte fotball og ishockey for Vålerengens Idrettsforening i sin ungdom til han var 15 år gammal. Under Norway Cup i 2006 vart han matchvinnar i kampen mellom Vålerenga 2 og Flint United, som TV2 følgde.[2]

Grov kommenterte ishockeykampar for amatørradioen Klanens webradio frå han var 17 år gammal. Då TV2 kjøpte rettane til å visa norsk ishockey[3] tok kommentatoransvarleg Remi André Taule kontakt for å få han til å kommentera nokre av kampane.

I 2019 vart han spurt om å kommentere nokre treningskampar i fotball for TV2. Seinare det året kommenterte han kampar i Europaligaen, La Liga, Serie A og Premier League.[4] Han har kommentert meisterskap som den baltiske cupen, arrangert av Latvia, Litauen og Estland.

Grov har i seinare tid kommentert og jobba saman med personar som Jan-Henrik Børslid, Erik Thorstvedt, Simen Stamsø Møller, Brede Hangeland, Solveig Gulbrandsen, Petter Myhre, Trevor Morley, Kristian Thorstvedt og Jon Børrestad.[5]

Han var fast skribent for Vålerenga Ishockey,[6] og sat fleire år i styret i Klanen.[7]

Grov har vorte kjend for catchphrasen «Den er tung for Braga».[8]

Utanom kommentering jobbar Grov ved aktivitetsskulen på Hasle skule.[9]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Har han verdens rareste jobb?». tv2.no (på norsk). TV2. 12. oktober 2023. Henta 26. mars 2024. «Robin Grov har en jobb litt utenom det vanlige.» 
  2. «Vålerenga - Norway Cup 2006 - Robin Grov». YouTube.com. YouTube. Henta 26. mars 2024. 
  3. «TV 2 kjøper norsk ishockey». aftenposten.no. 29. mai 2013. Henta 26. mars 2024. 
  4. «Commentator listing for Robin Grov». icdb.tv. ICDb. Henta 26. mars 2024. 
  5. «Commentator listing for Robin Grov». icdb.tv. ICDb. Henta 26. mars 2024. 
  6. «Robin Grov - Oslos Stolthet». oslostolthet.wordpress.com. Henta 26. mars 2024. 
  7. «KLANSSTYRETS ÅRSMELDING 2017- 2018». klanen.no (på norsk). Klanen. 17. mars 2018. Henta 26. mars 2024. «Robin er klanstyrets lengstlevende vara og trives godt med det. Robin som alle andre som har vært i styret en stund vet at det er liten praktisk forskjell på dette.» 
  8. Marius Skjelbæk (26. november 2020). «Marius Skjelbæk på X». Twitter.com. Henta 26. mars 2024. 
  9. Haga, Kristin Tufte (26. september 2014). «– Døgnrytmen var helt ute av kontroll». nettavisen.no (på norsk). Nettavisen. Henta 26. mars 2024.