Kort rokade: O-O |
Lang rokade: O-O-O |
Rokade (frå gammalfransk roc, italiensk rocco og opphavleg persisk rokh, 'tårn i sjakkspel')[1] er eit spesialtrekk i sjakk. Spelaren flytter to brikker i eitt trekk, kongen og eitt av tårna. Rokade skal utførast ved først å ta opp kongen og flytte den to felt mot tårnet, og deretter flytte tårnet over kongen. Sjå diagramma til høgre.
Rokade er berre lov dersom desse vilkåra er oppfylt:
Rokaden er eit viktig trekk i opningsfasen av eit sjakkparti. Ein oppnår to fordelar: Kongen vert flytt til ein sikrare posisjon, og tårnet får ein meir aktiv posisjon på midten av brettet. I algebraisk sjakknotasjon vert kort rokade (på kongesida) notert som 0-0 og lang rokade (på dronningsida) som 0-0-0.
Rokade eller rokering vert òg bruka i daglegspråket, om ein situasjon der folk bytar posisjonar, oftast når politiske posisjonar blir byta om utan at nokon vert avsett.