Romsdalsmuseets kapell | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Molde | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Møre | ||
Prosti | Molde domprosti | ||
Arkitekt | Jon Villa | ||
Material | tre | ||
Innvigd | 1952 | ||
Sitjeplassar | 80 | ||
Romsdalsmuseets kapell 62°44′21″N 7°08′49″E / 62.739134°N 7.146886°E | |||
Wikimedia Commons: Romsdalsmuseets kapell |
Romsdalsmuseets kapell er ei lita langkyrkje frå 1952 i Molde kommune i Møre og Romsdal. Ho er plassert sentralt på Romsdalsmuseets område, og er ein del av friluftsmuseet. Kapellet var vigsla 22. mai 1952 av biskop Arne Fjellbu.[1][2]
Bygget er av tre og har 80 sessar. Kapellet vart teikna av Jon Villa (1919-2014)[3] og bygd av gammalt tømmer frå fleire eldre bygningar. Det er bygd i gammal stil. I første omgang var det meint å vere eit utstillingskapell for museets kyrkjeinventar, men det skulle og kunne brukast til kyrkjelege handlingar, som vigsel og dåp.
Kapellet har vakkert inventar frå 1600-tallet. På altaret stod i flere år to 46 cm høge lysestakar i dreia tre. Dei var opphaveleg frå Hustad kyrkje i Fræna.[4]