Rummanah | |||
رمّانه, Rummaneh, Rumana | |||
kommune | |||
Namneopphav: ‘Granateple’[1] | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Jenin guvernement | ||
Koordinatar | 32°31′26″N 35°12′18″E / 32.52389°N 35.20500°E | ||
Folketal | 3 372 (2006) | ||
![]() Rummanah 32°31′26″N 35°12′18″E / 32.523888888889°N 35.205°E | |||
Wikimedia Commons: Rummanah | |||
Rummanah (arabisk رمّانه) er ein palestinsk landsby som ligg 17 km nordvest for byen Jenin nord på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde byen eit folketal på 3 372 innbyggjarar i 2006.[2]
I 1596 stod Rumana oppført i osmanske skattelister som ein del av Sara nahiya i Lajjun liwa. Han hadde eit folketal på 12 hushaldningar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, tilfeldige inntekter, geiter og bikubar.[3]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1863, og skildra han som redusert til «tjue falleferdige bygningar». Han såg ikkje spor etter noko gammalt, utanom nokre få cisterner i klippene og ein fungerande brunn.[4]
I 1882 i «Survey of Western Palestina» vart landsbyen (kalla Rummaneh) skildra som:
Ein liten landsby i leire og stein, nær foten av åsane, med brunnar i vest og oliven nedanfør. Denne landsbyen verkar å marker staden Maximianopolis, ein by 20 romerske mil frå Cæsarea og 10 mil frå Jezreel (Zer'in), oldtidsnamnet på Maximianopolis var, i følgje Jerome, «Hadad Rimmon».[5]
I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Rumaneh eit folketal på 548, alle muslimar,[6] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 151 busette hus og 644 innbyggjarar, framleis alle muslimar.[7] I 1945 var folketalet i Rummana (inkludert Khirbat Salim) 880 medan det samla landarealet var 21 676 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[8] Av dette var 2 876 mål for plantasjar og irrigert land, 10 507 for korn,[9] medan 27 mål var klassifisert som utbygde område.[10]