Running Free av Iron Maiden frå albumet Iron Maiden | ||
B-side |
1980-singel | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 8. februar 1980 13. september 1985 | |
Innspelt | Januar 1980 («Running Free»)[1] 25–26 November 1979 («Burning Ambition»)[2] Mars 1985 («Running Free» (live) & «Sanctuary» (live) October 1984 («Murders in the Rue Morgue» (live) | |
Sjanger | Heavy metal | |
Lengd | 3:04 3:26[3] | |
Selskap | EMI | |
Komponist | Paul Di'Anno, Steve Harris | |
Tekstforfattar | Paul Di'Anno, Steve Harris | |
Låtskrivar(ar) | Steve Harris Paul Di'Anno | |
Produsent | Wil Malone[4] Martin Birch (1985 livesingel)[3] | |
Iron Maiden-kronologi | ||
Running Free | «Sanctuary» (1980) | |
-kronologi | ||
«Aces High» (1984) |
Running Free | «Run to the Hills (live)» (1985)
|
«Running Free» er debutsingelen til Iron Maiden, og vart gjeven ut 8. februar 1980. Han var skriven av Steve Harris og Paul Di'Anno. Songen kom ut som det tredje sporet på debutalbumet deira, Iron Maiden. I 1985 vart eit konsertopptak av songen gjeve ut som den første singelen frå Live After Death (den 12. singelen til bandet). I 1990 vart den originale singelen gjeven ut på ny, mellom anna på CD og 12" vinyl, som ein del av The First Ten Years, der han vart kombinert med den neste singelen til bandet, «Sanctuary». Konsertversjonen frå 1985 vart òg gjeven ut som ein del av denne boksen, kombinert med «Run to the Hills» frå 1985.
I følgje vokalisten Paul Di'Anno, som skreiv teksten til songen, er han «ein særs sjølvbiografisk song, men eg har sjølvsagt aldri vore ei natt i eit fengsel i LA. Han handlar om å vere 16, og som songen seier, springe løpsk og fritt. Han kjem frå dagane mine som skinhead.»[5] Songen er kjend som ein av dei meir tradisjonelle rockesongane til bandet, som Mick Wall skildra som «Iron Maiden ved punk-metal-oppstandinga deira,»[5] og vert framleis spelt på konsertane til bandet i dag.
Singelomslaget var første gongen maskoten til Iron Maiden, Eddie, sjølv om andletet hans er skjult, sidan bandet ikkje ønskte å avdekke han før albumet kom ut.[6] Fleire bandnamn (som Scorpions, Judas Priest, AC/DC, Sex Pistols og Led Zeppelin) er spraya på veggen bak ungdomen på biletet, i tillegg til orda «Hammers», ei hyllest til West Ham United.[6] Ironisk nok var plateomslaget til live-singelen den første som ikkje hadde Eddie, sidan det syner eit verkeleg bilete av bandet som spelar på scenen.
B-sida «Burning Ambition» vart spelt inn seint i november 1979[7] i Wessex Studios med produsenten Guy Edwards som eit firemannsband, like før Dennis Stratton og Clive Burr kom inn i bandet,[2] og er ein av dei første songane Harris skreiv, i tida då han spelte i Gypsy's Kiss. Det er ein av få innspelingar med Doug Sampson på trommer. Gitarsoloen i songen vert spelt av Dave Murray. Songen kom ikkje ut på albumet, men var med på B-sidesamlinga i plateboksen Eddie's Archive, og vart nytta i filmen The History of Iron Maiden – Part 1: The Early Days.
Den første singelen til Iron Maiden i Japan hadde «Prowler» som A-sida og «Running Free» som B-sida. Omslgaete var ei sensurert utgåve av omslaget til singelen «Sanctuary».[8]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Running Free» | Steve Harris, Paul Di'Anno | 3:04 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
2. | «Burning Ambition» | Harris | 2:39 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Prowler» | Harris | 3:55 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
2. | «Running Free» | Harris, Di'Anno | 3:16 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Running Free» (konsertopptak frå Long Beach Arena, California 14.-17. mars 1985) | Harris, Di'Anno | 3:26 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Sanctuary» (konsertopptak frå Long Beach Arena, California 14.-17. mars 1985)) | Harris, Di'Anno, Dave Murray | 4:38 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Running Free» (konsertopptak frå Long Beach Arena, California 14.-17. mars 1985) | Harris, Di'Anno | 3:26 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Sanctuary» (konsertopptak frå Long Beach Arena, California 14.-17. mars 1985)) | Harris, Di'Anno, Murray | 4:38 |
2. | «Murders in the Rue Morgue» (konsertopptak frå Hammersmith Odeon, London 8–12 October 1984) | Harris | 4:30 |
Frå omslaget,[4] og The First Ten Years.[9]
Frå omslaget til 12"-singelen.[3]
Singel | Liste (1980) | Plassering | Album |
---|---|---|---|
«Running Free» | UK Singles Chart | 34[10] | Iron Maiden |
Singel | Liste (1985) | Plassering | Album |
«Running Free (Live)» | Irish Singles Chart | 12[11] | Live After Death |
UK Singles Chart | 19[12] | ||
Singel | Liste (1990) | Plassering | Album |
«Running Free / Sanctuary» | UK Albums Chart[merk 1] | 10[13] | — |
«Running Free (Live) / Run to the Hills (Live)» | 9[14] |