Saksedyr | |
![]() | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Infrarike: | Protostomia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Underklasse: | Flygande insekt Pterygota |
Infraklasse: | Neoptera |
Orden: | Saksedyr Dermaptera De Geer, 1773 |
Saksedyr (Dermaptera) er ein orden insekt som er lette å kjenna att på dei harde saksetrådene dei har på bakkroppen. Gruppa omfattar noko over 1 200 beskrivne artar som finst i heile verda, med flest artar i tropane.
Saksedyr er små til mellomstore insekt med cerci omdanna til store sklerotiserte «saksar». Desse er oftast størst hjå hannen. Dei har bitemunn og middels lange, trådforma antenner. Bakvengjene halvsirkelforma og membranøse, og vert falda saman sirleg under dei læraktige stumpane som er dei reduserte forvengjene. Somme artar er heilt vengjelause, medan andre er særs dyktige flygarar.
Ulike artar varierer i storleik. Dei minste vert ikkje stort større enn 7 millimeter, medan dei største kan bli så mykje som 5 centimeter.
Saksedyra er vanlege, men ikkje spesielt godt kjende. Dei fleste framstår som nattaktive altetarar som både et levande og daudt bytte. Halesaksa vert nytta i jakta, i tillegg til i forsvar mot predatorar, som del av paringsleiken og til å reinska kroppen for avfallsstoff.
Dei har ufullstendig forvandling og yngelpleie - hoa passar på egg og dei første nymfestadia.
Ordenen vert delt inn i 10 familiar i tre underordenar. Grupper utan norske artar er markert med asterisk (*):
Orden Saksedyr - Dermaptera
Overfamilie Forficuloidea