Samuel Morland

Fødd1625
Berkshire
Død30. desember 1695
Hammersmith
NasjonalitetKongeriket England
Områdematematikk, diplomati
Yrkematematikar, sivilingeniør, oppfinnar, diplomat, ingeniør, spion
Alma materMagdalene College

Samuel Morland, eller Moreland (162530. desember 1695) var ein engelsk akademikar, diplomat, spion, oppfinnar og matematikar. Han utvikla nye metodar innan reknemaskinar, hydraulikk og dampenergi.

Utdanning

Samuel var son av Thomas Morland, som var rektor ved kyrkja i Sulhamstead Bannister. Han vart utdanna ved Winchester School og Magdalene College i Cambridge, der han i 1649 var utnemnd til «fellow». Han nytta mykje av tida til å studera matematikk, var god i latin og kunne gresk, fransk og hebraisk, som på denne tida var diplomatspråka. Han underviste ved Cambridge, der han møtte Samuel Pepys som han samarbeidde med resten av livet.

Diplomat

Samuel Morland var svært interessert i politikk og då han var ferdig med utdanninga si tok han til å arbeida innan offentleg administrasjon. I 1653 gjorde han ei reise til Sverige og i 1655 sende Oliver Cromwell han på eit oppdrag til Italia for å protestera mot at hertugen av Savoie forfølgde waldensianarane. Han fungerte som ambassadør i Genève ei tid og medan han var der skreiv han ei bok [1].

Spion

Han arbeidde ei tid som assistent for John Thurloe, som var sjef ei avdeling som spionerte til fordel for Det engelske samveldet. Men etter å ha høyrt at Richard Willis, Thurloe og Richard Cromwell planla å drepa den framtidige kongen Karl II, vart han desillusjonert over regjeringa, vart dobbelagent og tok til å spionera til fordel for den engelske restaurasjonen. Samstundes utvikla han kryptografiske metodar. Denne aktiviteten hjelpte han seinare til å verta tilsett ved hoffet.

Oppfinnar

Den 18 juli 1660 vart han utnemnd til baronet og fekk ei mindre viktig stilling i rettssystemet, men hovudinntekta hans kom frå at han nytta kunnskapane sine innan matematikk og hydraulikk til å konstruera ulike maskinar:

Frå 1677 budde Morland i Vauxhall i London og frå 1684 i Hammersmith. På sine gamle dagar vart synet dårleg og rundt 1692 vart han blind. Han døydde den 30. desember 1695 og vart gravlagt den 6. januar 1696 ved Hammersmith kyrkje.

Kjelder

  1. Morland, S., The History of the Evangelical Churches of the Valleys of Piemont, 1658.