Sandesundbrua

Sandesundbrua sett frå Alvim
Typebru
StadMellom Alvim i Sarpsborg og Årum i Fredrikstad
Opna1992
StrekningEuropaveg 6
Største spenn139 m
KryssarGlomma
UtformingFritt frambygg-bru[1]
TransportererBilar, syklistar, gåande
TrafikkE6
Kart
Sandesundbrua
59°16′13″N 11°05′45″E / 59.27027778°N 11.09583333°E / 59.27027778; 11.09583333
Denne artikkelen er om Sandesundbrua i Østfold. For informasjon om Sandnessundbrua i Troms, sjå Sandnessundbrua.

Sandesundbrua mellom Sarpsborg og Fredrikstad er, med ei totallengd på 1 528 m, ei av dei lengste bruene i Noreg. Brua kryssar Glomma, og strekkjer seg frå Alvim via Sandesund over Glomma i Sarpsborg kommune, og møter land att på Årum i Fredrikstad kommune. Kommunegrensa kryssar brua omtrent på midten.

To-felts Sandesundsbru

Brua er ein del av E6 gjennom Østfold, og vart opna i 1978. Ho hadde då to køyrefelt og ein gang- og sykkelbane bygd under køyrefelta.

Då brua vart bygd i perioden 1970-1978 var det ein føresetnad at ho skulle få fire køyrefelt, men på grunn av finansieringssituasjonen vart det vedteke å byggja berre to felt.

Brudelar

Brua har 48 spenn og er inndelt i brudelar:

Ny fire-feltsbru

I 2005 starta bygginga av ein «kopi» av den gamle brua, som vart bygd parallelt med den gamle. Ho er 1 521 m lang.[2] Dette var eit ledd i utbygginga av fire-felts veg frå Oslo til Gøteborg. Denne utbygginga er også ein del av den bompengefinansierte utbygginga av E6 gjennom Østfold.

16. mai 2008 vart den nye brua opna for trafikk. Samstundes vart den gamle brua stengd for rehabilitering. Sandesundbrua opna for fire-feltstrafikk i november 2008[3].

Bilete frå bygginga av den nye Sandesundsbrua

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

  1. Fredriksstad Blad, 6.oktober 2008 : Nytt landemerke i Sarpsborg
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 24. desember 2005, henta 19. april 2009 
  3. Sarpsborg Arbeiderblad: Den nye Sandesundbrua er ferdig (14. mai 2008)
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sandesundbrua