Saxicolinae
Buskskvett (Saxicola rubetra)
Buskskvett (Saxicola rubetra)
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Overfamilie: Muscicapoidea
Familie: Flugesnapparfamilien Muscicapidae
Underfamilie: Saxicolinae
Vigors, 1825

Saxicolinae er ein underfamilie på ca. 190 insektetande fugleartar i flugesnapparfamilien som hekkar i Europa, Asia og Afrika, «den gamle verda». Dei fleste nordlege artane er trekkfuglar.

Gruppa samlar brorparten av artane som hekkar i Den palearktiske regionen, inkludert svartkvit flugesnappar. I tillegg finn ein ca. 75 artar som hekkefuglar i Den orientalske regionen og ca. 40 artar hekkar i Den afrotropiske regionen. Dei to mest talrike slektene, Ficedula og steinskvettar samlar tilsaman 68 artar.[1] Samla sett er dette er ei ueinsarta gruppe som grovt rekna kan delast inn i to, ei heterogen gruppe over mange slekter i Den orientalske regionen knytt til habitat i skog, gjerne med kraftige farger i blått eller jordbrunt. Den andre hovudgruppa er dei som hekkar i tørre eller høgtliggande habitat.[2]

Saxicolinae er relativt små artar, mange har ei mykje fargerik fjørdrakt og dei har spinkle bein. Songen er godt utvikla hos somme artar, hos andre berre svakt. Nebbet passar til insektetande diett, nett og slankt. Einskilde artar har utvikla fjørbustar ved nebbrota. Hannane til nokre artar - som svartraudstjert - syner utsett modning av fjørdrakta, første året ser dei ut som hoer, jamvel om dei allereie er kjønnsmodne.[treng kjelde]

Fylogeni

Resultat frå studiar og analysar av dei fylogenetiske sambanda innanfor artar og artsgrupper gjennom evolusjonen innanfor flugesnapparfamilien Muscicapidae har framleis manglar. Ein dataanalyse frå 2023 syner estimat på divergenstida for underfamiliar, og plasserer alle fire i midten av miocen, rundt 14 millionar år sidan.[3]

Kladogram for underfamilien Saxicolinae basert på Zhao et al 2023 ymtar om evolusjonen av artsgruppene innanfor Saxicolinae:

Muscicapidae

 Muscicapinae




 Niltavinae




 Cossyphinae


 Saxicolinae 




Irania – kvitstrupenattergal



Luscinia – 4 artar nattergalar




Calliope – 5 artar «strupar»






Enicurus – 8 artar kløftstjertar




Cinclidium – blåpanneskvett



Myophonus – 9 artar plystretrastar






Myiomela – robins (3 species)






Heinrichia – storkortveng



Vauriella – 3 «jungelflugesnapparar» &

   Leonardina – bagoboskvett





Brachypteryx – 10 artar kortvenger



Larvivora – 8 artar





Ficedula – 35 flugesnapparar








Tarsiger – 6 artar




Heteroxenicus – stjernekortveng




Phoenicurus – 14 artar raudstjertar




Monticola – 14 artar




Saxicola – 15 svartstrupar og «skvettar»





Campicoloides – okerskvett



Emarginata – 3 «skvettar»






Pinarochroa – bergskvett



Myrmecocichla – 8 artar «skvettar» &

   Thamnolaea – 2 klippeskvettar




Oenanthe – 33 artar steinskvettar













Inndelinga i kladogrammet er etter Min Zhao et al, 2023. Data frå sekvensiering gjev ikkje sterk stønad til alle delar av det fylogenetiske treet.[4] Både slektene som er inkludert og talet artar i slektene er henta frå fuglelista vedlikeholdt av Frank Gill, Pamela Rasmussen og David Donsker på vegne av International Ornithological Committee (IOC).[1] Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler.[5]

Artar

Blåstrupe, Luscinia svecica
Foto: Daniel Bastaja
Blåstjert, Tarsiger cyanurus
Foto: su neko
Svartraudstjert, Phoenicurus ochruros
Foto: Gunther Hasler

Underfamilie Saxicolinae, 190 artar i 25 slekter.

Artslista etter IOC World Bird List V14.1. 2024,[1] Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler.[5] Utvalet av slekter er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist:[6]

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2024). «Chats, Old World flycatchers». IOC World Bird List Version 14.1. International Ornithologists' Union. Henta 11. februar 2024. 
  2. Fjeldså, Jon; Christidis, Les; Ericson, Per G. P. (oktober, 2020). The Largest Avian Radiation - The Evolution of Perching Birds, or the Order Passeriformes. Lynx Edicions. s. 251-257. ISBN 978-84-16728-33-6. 
  3. Zhao et al, 2023
  4. Zhao, M.; Gordon Burleigh, J.; Olsson, U.; Alström, P.; Kimball, R.T. (2023). «A near-complete and time-calibrated phylogeny of the Old World flycatchers, robins and chats (Aves, Muscicapidae)». Molecular Phylogenetics and Evolution 178: 107646. doi:10.1016/j.ympev.2022.107646. 
  5. 5,0 5,1 Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 8. desember 2023. 
  6. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 6. juli 2023.