Sengilej
Сенгилей
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til Sengilej
Byvåpenet til Sengilej


Plassering
Sengilej is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Uljanovsk oblast
Grunnlagd
Bystatus
1666
1943
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)

8 100
Koordinatar 53°58′N 48°48′E / 53.967°N 48.800°E / 53.967; 48.800
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 84233

Sengilej (russisk Сенгиле́й) er ein by i Uljanovsk oblast i Russland med om lag 8 000 innbyggjarar. Han ligg på høgre (vestre) breidda av Kujbysjev-reservoaret i elva Volga, rundt 50 km søraust for Uljanovsk.

Han vart grunnlagd i 1666 som ein defensiv militær utpost mot åtak frå nomadar. Det dannet seg etter kvart fleire slobodaer rundt utposten og på byrjinga av 1700-talet vart slobodaene Stanitsjnaja, Butyrskaja og Vybornaja slått saman til landsbyen Pokrovskoje (russisk: Покро́вское). I 1780 fekk landsbyen byrettar og namnet vart endra til Sengilej.

I 1925 mista Sengilej bystatusen og vart først rekna som landleg busetnad, men fekk seinare same år status som urbanliknande busetnad. Han fekk bystatus på nytt att i 1943.

Kjelder

Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.