K. 364 Sinfonia concertante av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
Periode | Wienerklassisismen | ||
---|---|---|---|
Komponert | 1779 | ||
Typisk lengd | 30:42 | ||
Satsar/akter | 3 | ||
Toneart | Ess-dur |
Sinfonia Concertante for fiolin, bratsj og orkester i Ess-dur, K. 364 (320d), vart komponert av Wolfgang Amadeus Mozart.
På tida då han vart komponert i 1779, var Mozart på reise i Europa, mellom anna i Mannheim og Paris. Den kompliserte orkesterdynamikken syner at dei europeiske orkestra på denne tida hadde vorte meir teknisk kompetente og var sterkt påverka av besøket Mozart gjorde i Mannheim i under reisa. Mozart hadde eksperimentert med sjangeren Sinfonia concertante og dette verket vert rekna som hans mest suksessfulle innan sjangeren, i overgangen mellom symfoni og solokonsert.
Stykket er skriven i tre satsar for solo fiolin, solo bratsj, to oboar, to horn og strykarar, sistnemnde med to bratsjar.
Partiet for solobratsj er skriven i D-dur i staden for Ess-dur, og instrumentet er stemd opp ein halvtone (scordaturateknikk) for å gje ein klårare tone. Denne teknikken er uvanleg når ein spelar dette på ein moderne bratsj.
Det har òg vorte arrangert for cello i staden for bratsj.
|
|||||
Problem med å høyra denne fila? Sjå mediahjelp. |