« » |
---|
apostrof ( ' ) ( ’ ) Fordelingsmellomrom Parentesar |
Sitatteikn, hermeteikn eller gåsaugo («–», ‘–’, „-“, ,–‘ ) er skriftteikn som blir brukte til å markere direkte tale og sitat, eller til å markere at ord har ein spesiell valør. I norsk typografi bruker ein helst «doble vinklar», eller slike; „ “. Fordelen ved desse tradisjonelle sitatteikna er at folk som les norsk er vande med dei, og vidare at dei gir eit roleg skriftbilete, sidan dei ligg på høgde med x-en, «i x-høgda», og derfor ikkje gjer teksten unødvendig uroleg.
Mellom sitatteikn skal det ikkje stå andre teikn enn dei som høyrer til i den siterte teksten.[1]
Den typiske bruken av sitatteikn er når ein vil markere direkte tale:
(Avsluttande punktum innanfor sitatteikna.)
Om ein snur på setninga, kan ein skrive:
(Merk at kommaet no skal stå utanfor sitatteikna.)
Tilsvarande bruker ein sitatteikn for å markere ein sitert tekst:
I tekst set ein gjerne boktitlar og verktitlar i gåsaugo.
Ein set ord i gåsaugo for å markere at dei har ein spesiell valør:
Sitat i sitat kan ein markere med andre sitatteikn, til dømes dei høge teikna ‘’ : «Legen hadde gitt meg medisin. No var eg ‘frisk’». Sitat i sitat i sitat kan ein markere med doble høge sitatteikn: “ og ”.
I lingvistikken er det vanleg at omtalte ord og uttrykk blir sette i kursiv, mens tydinga blir markert med ‘ ’:
Det er elles ulike meiningar om bruk av sitatteikn – og teikna blir brukt annleis i andre språk.
Sidan dei norske sitatteikna ikkje er å finne direkte på PC-tastaturet, er dei under press i skriftleg bruk. I Windows får ein « ved å trykkje Alt+0171, » ved å trykkje Alt+0187, ‘ ved å trykkje Alt+0145 og ’ ved å trykkje Alt+0146.