Skodje kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Ålesund | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Møre | ||
Prosti | Nordre Sunnmøre prosti | ||
Sokn | Skodje | ||
Fellesråd | Skodje | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Meinhardt | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1860 | ||
- Endringar | Påbygd i 1979 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Altartavle | Frå 1883 | ||
Sitjeplassar | 350 | ||
![]() Skodje kyrkje 62°30′21″N 6°41′49″E / 62.5058°N 6.697°E | |||
Wikimedia Commons: Skodje kirke | |||
Skodje kyrkje er ei langkyrkje med korte krossarmar i tettstaden Skodje i Ålesund kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1860 og er bygd i treverk (tømmer). Arkitekt var F. Meinhardt og byggmeistrar var Gjert Lien og Elias Tonning frå Nordfjord.
Kyrkja har 350 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Altertavla som står på alteret i kyrkja er frå 1883 og er ein kopi etter Adolph Tidemand. Ho viser Jesu oppstode. Tavla vart restaurert i 2007. Kyrkja har òg ei altertavle som er laga av Tavle-Jakob (Jacob Sørensen Giskegaard). Ho var laga til gamlekyrkja som vart bygd i 1750.
Den fyrste Skodje-kyrkja ein finn nemnd i skriftlege kjelder skal ha vore bygd i 1424. Ho vert omtala i Aslak Bolts jordebok frå kring 1433. Denne kyrkja var i 1750 komen i så dårleg stand at dei måtte byggje ny kyrkje i Skodje og rive den gamle. Kyrkja som vart bygd var i lafta tømmer. Ho vart erstatta med den noverande kyrkja i 1860.