Skreddarmeisteren Agne Wideheim (1918-2007) frå Malmö i Sverige.

Ein skreddar er ein handverkar som utformar og tilverker klede og kostyme. Faget har røter tilbake til 1200-talet. Det vert delt i to disiplinar, dameskreddar og herreskreddar.

I Noreg i dag ligg utdanninga til dette yrket innan utdanningsprogrammet Design og handverk. Ein må gå to år på skule og to år i lære ute i føretak. Første skuleåret er Vg1 Design og handverk og andre skuleåret er Vg2 Design og tekstil.[1]

Kjelder

  1. «Vg2 Design og tekstil». utdanning.no (på norsk bokmål). Henta 19. mars 2019. 
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden.

Bakgrunnsstoff