Slava Metreveli


Verkeleg namn Слава Калистратович Метревели, Slava Kalistratovitsj Metreveli
Statsborgarskap Sovjetunionen, Georgia
Fødd 30. mai 1936
Sotsji
Død 7. januar 1998 (61 år)
Tbilisi
Idrett fotball
Tok del i VM i fotball 1970, VM i fotball 1966, VM i fotball 1962, EM i fotball 1960, EM i fotball 1964
Utmerkingar Ærestegnets orden, Æresordenen, Idrettens mester i Sovjetunionen

Slava Kalistratovitsj Metreveli (fødd 30. mai 1936 i Sotsji, død 7. januar 1998 i Tbilisi) var ein sovjetisk-georgisk fotballspelar fødd i Sotsji, ein av dei sentrale spelarane på Sovjetunionen sitt landslag som i 1960 vann den fyrste europameisterskapen i fotball.

Klubbspel

[endre | endre wikiteksten]

Metreveli spelte i 1955-56 på Torpedo Gorkij. Frå hausten 1956 gjorde han teneste i topplaget Torpedo Moskva ut året 1962. Med laget frå Moskva var han med å ta dobbeltsiger i 1960 då det vart triumf både i serien og i cupen. Perioden 1963-71 spelte på Dinamo Tbilisi, med dette laget vart han sovjetisk seriemeister i 1964.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Høgrevengen Metreveli debuterte på landslaget til Sovjetunionen den 28. september 1958. Framfor 100 572 tilskodarar på Lenin stadion i Moskva skåra han det andre målet då heimelaget slo Ungarn 3-1 i ein EM-kvalifiseringskamp. 10. juli 1960 utlikna han under EM-finalen mot Jugoslavia i Paris til 1-1, eit oppgjer som etter ekstraomgangar enda med 2-1 til Sovjetunionen og landets største stund i fotballsoga. Sommaren 1961 skåra han eitt mål i begge EM-kvalifiseringskampane mot Noreg, etter tap 2-5 i Moskva måtte det norske mannskapet tole 0-3 på Ullevaal stadion. Sidan deltok Metreveli i Fotball-VM 1962 i Chile, men fekk ikkje plass på laget som spelte EM-finale i 1964. Derimot var han med i VM-troppa 1966 i England, og fekk spele i bronsekampen mot Portugal i London som enda med tap 1-2. Metreveli spelte sin 48. og siste landskamp våren 1970 borte mot Bulgaria. Han skåra i alt 11 landslagsmål.

Merittar

[endre | endre wikiteksten]

Metreveli døydde i Tbilisi.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]

eu-football