Smal smaragdgullkvefs | |
Hoe av smal smaragdgullkvefs Foto: Alexander Berg
| |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig[1] | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Årevengjer Hymenoptera |
Familie: | Gullkvefsar Chrysididae |
Slekt: | Elampus |
Art: | Smal smaragdgullkvefs E. panzeri |
Vitskapleg namn | |
Elampus panzeri (Fabricius, 1804)
|
Smal smaragdgullkvefs (Elampus panzeri) er ein gullkvefs i slekta smaragdgullkvefsar som gjerne er å finna på tørre sandområde. Han snyltar truleg på gravekvefsar i slekta Mimesa og vitjar ofte blomar. Arten skil seg frå dei andre artane i slekta på lamellen på siste ryggleddet som er hesteskoforma med eit djupt søkk.
I Noreg finst arten i heile Sør-Noreg der han kan finnast i juni. Han er ikkje påvist i Trøndelag.[2]