Sneis er ei gamal mengdeeining som tilsvarer 20 einingar eller stykk. Ordet sneis kjem frå det norrøne sneis, som tyder 'pinne' eller 'tynn kvist'. Sneis tydde opphavleg mengda av noko som er trædd inn på ein pinne.

Døme på bruk:

Avleidde storleikar:

Snesland

Snesland har vore i bruk som kvadratmål i Dalarna i Sverige. Før 1665 utgjorde eitt snesland 9 bandland eller 324 kvadrat-alner. Etter 1665 vart det vanleg å definere eit snesland som 10 bandland eller 340 kvadratalner. I Sverige samsvarde dette med 1/40 tønneland eller om lag 126,9 m². Eit snesland samsvarde dessutan med 1/10 kistland eller 1/20 spannland.

Kjelder