Sokndal kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Rogaland | ||
Adm.senter | Hauge | ||
Areal | 295 km² | ||
- land | 268 km² | ||
- vatn | 27 km² | ||
Folketal | 3 347 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Bjørn-Inge Mydland (Sp) | ||
Kommunenr. | 1111 | ||
Sokndal 58°21′54″N 6°18′37″E / 58.365°N 6.3102777777778°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Sokndal | |||
Nettstad: www.sokndal.kommune.no | |||
Sokndal er ein kommune heilt sør i Rogaland fylke, i Dalane. Kommunen grensar mot Vest-Agder fylke. Kommunen grensar i vest mot Eigersund, i nord mot Lund, og i søraust mot Flekkefjord. Sokndal kommune er kjend for strandstaden Sogndalsstrand og Jøssingfjord. Jøssingfjord er opphav til omgrepet jøssing, som dukka opp i Noreg under andre verdskrigen.
Sokndal kommune er Noreg sin fyrste medlemskommune av rørsla Cittaslow. Rørsla legg vekt på at ein skal ta vare på lokale særdrag. Eit hovudmål er å betra livskvalitet og skapa identitet til kommunen og staden.
Hjørnesteinsføretaket er Titania A/S som hentar ut titanmalm frå eit dagbrot. Titania er ein av dei største produsentane i verda av ilmenitt (jerntitanoksid).
Folketalsutvikling for noverande Sokndal kommune frå 1900:
1900 [1] | 1.12.1920[2] | 1.12.1930[3] | 3.12.1946[3] | 1.1.1951[4] | 1.1.1961[4] | 1.1.1971[4] | 1.1.1981[4] | 1.1.1991[4] | 1.1.2001[4] | 1.1.2010[4] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2968ab | 2811ab | 2728ab | 3127ab | 3234a | 3578a | 3480 | 3440 | 3453 | 3354 | 3285 |