Solitaire Singel av The Carpenters frå albumet Horizon | ||
B-side |
«Love Me for What I Am» | |
---|---|---|
Utgjeve | 18. juli 1975 | |
Innspelt | 1975 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 4:40 | |
Selskap | A&M1721 | |
Tekstforfattar | Neil Sedaka | |
Låtskrivar(ar) | Neil Sedaka, Phil Cody | |
Produsent | Richard Carpenter | |
The Carpenters-kronologi | ||
«Only Yesterday» (1975) |
Solitaire | «There's a Kind of Hush (All Over the World)» (1976)
|
«Solitaire» er ein ballade skriven av Neil Sedaka og Phil Cody. Cody nyttar det å leggje ein kortkabal (solitaire) som ein metafor for ein mann «som mista kjærleiken sin ved å vere likegyldig» - «medan livet heldt fram rundt han, legg han kabal». Songen er mest kjend i utgåva til the Carpenters.
Neil Sedaka spelte inn «Solitaire» som tittelsporet for eit album frå 1972, spelt inn i Strawberry Studios i Manchester: 10cc-medlem Lol Creme, Kevin Godley og Graham Gouldman akkompagnerte Sedaka medan Eric Stewart frå 10cc var lydteknikar. I 1972 vart songen òg gjeven ut på album av Tony Christie og Petula Clark, men den første singelutgjevinga av «Solitaire» var i februar 1973 med the Searchers. Hausten 1973 vart han gjeven ut på singel av Andy Williams, som nådde fjerdeplassen på singellista i Storbritannia med songen og førsteplassen i Sør-Afrika. I USA nådde Williams-versjonen 23. plassen på Easy Listening-lista. I 1973 gav Neil Sedaka ut 1972-innspelinga av songen ut på comebackalbumet Sedaka's Back. Seinare i 1975 vart eit konsertopptak gjort av Sedaka i Royal Festival Hall. Denne vart gjeven ut som B-sida til «The Queen of 1964».
The Carpenters spelte inn «Solitaire» i 1975 for Horizon. Richard Carpenter, som kjende songen via versjonane til Neil Sedaka og Andy Williams, likte ikkje songen så veldig godt, men følte han ville passe bra for vokalen til Karen Carpenter.[1]
«Solitaire» vart gjeven ut som den tredje singelen frå Horizon. Songen nådde 17. plassen på Billboard Hot 100 i USA, den lågaste plasseringa deira sidan «Ticket to Ride» i 1969, før dei slo igjennom. Dette var eit signal om at populariteten til gruppa var på veg ned. «Solitaire» vart likevel den tolvte av femten førsteplassar på Easy Listening-lista.
Liste (1975) | Plassering |
---|---|
Canadian Singles Chart | 12 |
Oricon (Japansk) singelliste | 44 |
UK Singles Chart | 32 |
US Billboard Hot 100 | 17 |
US Billboard Easy Listening | 1 |