Solsikkeolje er ei olje ein får gjennom å pressa frøa av solsikke. Olja har nøytral lukt og smak.[1] Ho er ei av dei vanlegaste formene av matolje, men ho blir òg nytta i kosmetikk, som smørjeolje og som brensel.
Solsikkeolje inneheld vesentleg linolinsyre i triglyserid form. British Pharmacopoeia lister opp følgjande profil:[2]
Solsikkeoljeproduksjon i 2018 | |
---|---|
Land | (millionar tonn) |
![]() |
5,1 |
![]() |
4,6 |
![]() |
1,3 |
![]() |
1,0 |
![]() |
0,7 |
Totalt | 18,4 |
Kjelde: FAOSTAT ved SN[3] |
I 2018 blei det produsert 18 millionar tonn solsikkeolje i verda. Dei største produsentlanda var Ukraina og Russland, som til saman stod for 53 % av den totale produksjonen.[3]
Raffinert solsikkeolje kan brukast til matlaging ved låg og særs høg temperatur. Uraffinert olje blir brukt som salatdressing i austeuropeisk mattradisjon.[4] Olja kan òg brukast til å laga solsikkesmør.
Ved frityrsteiking av til dømes chips eller pommes frites, kan ein nytta solsikkeolje.[5][6]
I EU og Storbritannia har ein spraya solsikkeolje på tomatavlingar for å verna mot mjøldogg frå Oidium neolycopersici.[7] Til denne bruken kan ho brukast både på økologiske og konvensjonelle gardsbruk.[8]