Song for America er det andre studioalbumet til det amerikanskeprogressive rockebandetKansas, gjeve ut i 1975. Albumet kom ut i ommastra format i 2004. Det ti minuttar lange tittelsporet vart redigert ned til tre minutt og gjeve ut på singel. Denne versjonen kom ut som bonusspor på 2004-utgåva av albumet.
Albumet nådde 57. plassen på Billboard-lista i USA og hadde i februar 1975 selt kring 250 000 eksemplar.[3] I juni 1980 hadde Song for America oppnådd gullplate i USA for 500 000 selde eksemplar.[4]
AllMusic rosa «den intense energien» på dei kortare songane på albumet, men meinte at dei lengre songane kravde for mykje aktiv lytting for å kunne nytast. Dei konkluderte med at albumet «er ei bra (om noko umodent) innspeling for ei gruppe innan denne sjangeren.»[1]
Steve Walsh – orgel, ARP og Moog synthesizer, solovokal (utanom på «Down the Road»), korvokalist på «Down the Road» og «Lonely Street», piano på «Down the Road»
Kerry Livgren – elektrisk gitar og rytmegitar (utanom på «Song for America» og «Lamplight Symphony»), Moog og ARP synthesizer, ARP strings, piano (utanom på «Down the Road»)