Stamsund kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Sør-Hålogaland | ||
Prosti | Lofoten | ||
Sokn | Stamsund | ||
Fellesråd | Vestvågøy | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Sigmund Brænne | ||
Material | Betong | ||
Innvigd | 1937 | ||
Kyrkjegard | Urnelund ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 540 | ||
Stamsund kyrkje 68°08′38″N 13°50′21″E / 68.144°N 13.8392°E | |||
Wikimedia Commons: Stamsund kirke |
Stamsund kyrkje ligg i Stamsund i Vestvågøy kommune i Nordland. Kyrkja er ei langkyrkje i betong. Ho vart innvigd i 1937 og skal vere bygd med 540 plassar.
Eit kapell på Steine var bygd i 1853, men blåste ned under ein storm den 28. januar 1905. Under diskusjonen om oppbygging av kapellet vart det dragkamp om stadvalet. Etter meir enn 30 år vart Stamsund kyrkje bygd som erstatning for Steine kapell. Kyrkja vart bygd som naudsarbeid.