Steik (av norrønt steik) er ein matrett av eit større stykke kjøt som typisk er steikt i omn eller over eld.[1][2]
I nokre høve kan ein bruka eit heilt dyr til steik. Elles bruker ein visse større stykkingsdelar, eller ruller tynne stykke saman til rullesteik.[3][4] Ein bind ofte opp eller dresserar kjøtstykket ein skal nytta til steik.
Ein kan laga steik i varm steikjeomn på nokså kort tid, men kan også nytta langtidssteiking på lågare temperatur.[5] Denne kan ta mange timar, men gjev svært mørt kjøt.[6][7]
Steik er ein tradisjonell søndagsmiddag fleire stader.[8][9] Ein kunne la steika vera i omnen før ein gjekk i kyrkja og ha retten klar etter kyrkjegangen. Steika kunne så vera utgangspunkt for matretter seinare i veka.[10] Steik kan også vera festmat, til dømes til middagsselskap, jul eller nyttår.[11][12][13]
Nokre typar steik frå ulike dyr er:
Fugl:
Husdyr:
Vilt:
Etterstavinga «-steik» kan også visa til eit kjøtmåltid som ikkje nødvendigvis er tilreidd som steik, til dømes «hønsesteik» når reven tek høner,[20] eller «ramnesteik» om milt frå slakta dyr som ein kasta til ramnane.[21]
Visse stykke frå større dyr blir oftare brukt til steik, som indrefilet, ytrefilet, kotelettkam og mørbrad. Steik av dei ulike stykka kan ha særskilde namn, som kamsteik, nakkesteik, ribbesteik eller skinkesteik.[22]
Grytesteik er ei steik ein lagar til i gryte, til dømes ved å la steika trekkja over lang tid.[23]
Rullesteik er ei steik laga ved å rulla saman tynnare kjøt til ei større steik.[24]
Pinnekjøt eller nærskylde retter kan ha namn som julesteik, pinnesteik eller ribbesteik.[25]
Hakkasteik er ein norsk tradisjonrett laga av kokt kjøt og flesk blanda med kokte byggryn.
Nøttesteik er ein rett laga som eit vegansk eller vegetarisk alternativ til steik med kjøt.[26]