Step Back in Time Singel av Kylie Minogue frå albumet Rhythm of Love | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 22. oktober 1990 | |
Innspelt | London, England | |
Sjanger | Dansepop, disco | |
Lengd | 3:05 | |
Selskap | PWL Mushroom Records | |
Komponist | Pete Waterman, Michael Stock, Matt Aitken | |
Låtskrivar(ar) | Stock Aitken Waterman | |
---|---|---|
Produsent | Stock Aitken Waterman | |
Kylie Minogue-kronologi | ||
«Better the Devil You Know» (1990) |
Step Back in Time | «What Do I Have to Do?» (1991)
|
«Step Back in Time» er ein dansepop- og discosong skriven av Stock Aitken Waterman og framført av den australske songaren Kylie Minogue for det tredje albumet hennar Rhythm of Love.
«Step Back in Time» vart utgjeven som singel i oktober 1990 før utgjevinga av det tredje album hennar, Rhythm of Love. Opphavleg skulle songen «What Do I Have to Do?» ha vore den andre singelen, men dette vart endra til «Step Back in Time». Med denne songen tek Minogue for første gongen musikken sin inn i discosjangeren.
Videoen har Minogue i ei rekkje kostyme med dansarar i tilsvarande antrekk. Minogue blir vist i ei scene med ein grøn fjørlett vest, svarte hotpants og store solbriller. Videoen viser Minogue som reiser rundt i ein by med venene sine og fester.
Toppliste | Listeplassering |
---|---|
Australia (ARIA Charts) | 5 |
Nederland (Dutch Top 40) | 36 |
Europa (Eurochart Hot 100 Singles) | 12 |
Frankrike (SNEP) | 23 |
Tyskland (Media Control Charts) | 36 |
Irland (Irish Singles Chart) | 4 |
New Zealand (RIANZ) | 21 |
Sør-Afrika (South African Singles Chart) | 6 |
Sveits (Schweizer Hitparade) | 29 |
Sverige (Sverigetopplistan) | 19 |
Storbritannia (UK Singles Chart) | 4 |