Stikkmygg | |
![]() | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Tovenger Diptera |
Infraorden: | Culicomorpha |
Overfamilie: | Culicoidea |
Familie: | Stikkmygg Culicidae Meigen, 1818 |
Stikkemyggar er ei gruppe myggar som omfattar rundt 2 700 artar i 35 slekter. I Europa førekjem 106,[1] 38 av desse er påviste i Noreg.
Namnet sitt har dei fått fordi hoene av mange artar stikk pattedyr og/eller fugl og syg blod frå dei. Somme artar, til dømes malariamyggane (Anopheles), er spreiarar av fleire former for smitte og utgjer store medisinske problem. Andre artar er heilt ufarlege. Dei mest plagsame artane for menneske i Noreg høyrer til slekta Aedes.
Stikkemyggar har, som andre tovenger, fullstendig forvandling; ein livssyklus med egg, larve, puppe og vakse insekt eller imago. Detaljane i denne varierer frå slekt til slekt, men dei har det alle felles at larvane er reint vasslevande og pustar i luft gjennom spesielt utvikla pusterøyr på bakkroppen.
Dei ulike artane er ofte knytt strengt til ulike habitat. I Noreg finn ein til dømes larvar av Anopheles vexans og A. sticticus berre i elvedelta som fløymer over under snøsmeltinga, medan A. dorsalis og A. detritus er knytt til brakkvassdammar på strandenger.