Stormflod frå den tropiske syklonen Carol over Rhode Island, USA i 1969.
Flaum ved stormflod i 1992

Stormflod er ei heving av vasspegelen ved vêrsystem med lågtrykk kombinert med pålandsvind som skyver vatn i ei bølgje mot kysten. Eit slikt vêrsystem kan typisk vere ein tropisk syklon, men er òg vanleg langs vestkysten av Noreg og eit døme på dette er når Bryggen i Bergen vert overfløymd av sjøvatn. Det er vindtrykket mot havoverflata som utgjer det største tilskotet til stormfloda, men samtidig har lufttrykket ein sekundær effekt. Ein hPa lågare lufttrykk enn normalt gir omkring éin cm høgare vasstand [1] Likeins kan havdjupna gje ein verknad. Kombinasjonen av lågtrykk med vedvarande vind over grunt vatn er hovudårsaka til flaum og skadeverk av stormfloda.

Særleg er stormfloda skadeleg når ho kjem samstundes med høgt tidvatn og formar ein kombinert effekt av dei to bølgjene.

Den høgaste stormfloda som er registrert vart produsert av syklonen Mahina i 1899, som førte til ei 13 meter høg stormflod ved Bathurst Bay i Australia. Orkanen Katrina danna ei 9 meter høg stormflod i St. Louisbukta i Mississippi, USA i 2005. I 1970 vart Bengalbukta råka av syklonen Bhola. Stormfloda som denne førte med seg tok svært mange liv, antakalegvis så mange som 500 000, men talet kan ha vore høgare.

Stormflod i samband med tropiske syklonar

Ni av ti menneske som døyr som følgje av tropiske syklonar vert drepne av stormfloda som oppstår. Bengalbukta er det området i verda som oftast vert råka av stormfloder, og ein har registrert 142 alvorlege hendingar frå 1582 til 1991. Desse flodene har teke livet av hundretusenvis av menneske, hovudsakleg i Bangladesh. Øyane i Karibia har òg vert råka av mange stormfloder.

I 1900 vart Galveston i Texas råka av ein kategori 4 orkan som tok mellom 6000 og 12000 liv, noko som gjer dette til den mest døydelege naturkatastofa i USA si historie.

Drivkrefter

Ein har minst fem prosessar som kan heve vassflata i samband med uvêr. Dette er effektar av lufttrykk, vind, jordrotasjonen, bølgjer og regn. Lufttrykket til tropiske syklonar er ofte så lågt at vassflata vil stige i lågtrykksenteret. Vindstress på overflata kan skyve vatn opp mot ein kyst. Denne effekten er omvendt proporsjonal med havdjupet.

Grafisk illustrasjon av stormflod.

Bølgjehøgda og stormfloda er begge påverka av kor grunt vatnet er og utforminga av havbotn. Grunt vatn fører til høgare bølgjer og stormflod enn djupt vatn. Årsaka til dette er at stormfloda på djupt vatn kan spreie seg nedover i djupet, medan ho over grunnvatn berre kan vekse i høgda og vert så driven mot land av vinden frå uvêret. Topografien spelar òg ei viktig rolle for kor alvorleg ei stormflod kan verte. Område som ligg mindre enn eit par meter over havnivå er særleg utsette for stormflod.

Vern mot stormflod

Etter Nordsjøflaumen i 1953, som tok mange liv i Nordvest-Europa, såg ein at det var nødvendig med førebyggjande arbeid for å verne seg mot stormfloder. Desse verna er opne for fri passasje, men vert lukka når området er trua av stormflod. Nederland, der store landområde ligg lågare enn havoverflata og som vart hardt råka av Nordsjøflaumen i 1953, har mange slike vern.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff