Strengklauv | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Solund | ||
Postnummer | 6926 KRAKHELLA[1] | ||
Gardnummer | 62[2] | ||
Strengklauv, oftast kalla berre Klaua, også kalla Hamre, er ein gard på øya Losna i Solund kommune i Vestland fylke (tidlegare Sogn og Fjordane). Strengklauv har matrikkelnummer 62 i Solund.[2] Fram til og med 1963 høyrde Losna til Gulen kommune, og der hadde Strengklauv matrikkelnummer 1.[3]
Garden ligg vest på Losna, i sørenden av Krakhellesundet.[3]
Garden er ikkje nemnd i kjelder før 1667, då var skylda seks merker smør. Utsåd vart oppgjeve til tre mæler havre og avlinga 1 tønne korn, og dei hadde tre naut. Skatten betalt i pengar var 3/2 riksdalar. I opplysningane som var samla inn til matrikkel i 1723 står det at matrikkeltaksten var 12 merker smør. Det var då ingen husmenn, og garden hadde ikkje støl, kvern eller fiskeri, men det vart oppgjeve at dei hadde skog til eige bruk. Utsåd var ei ½ tønne havre og avlinga var 1½ tønne. Buskapen var fire naut og ein sau.[3][4]
Krakhellesundet har vore mykje nytta til ferdsle, og for fartøy som kom nordfrå var då Strengklauv siste hamna før Sognefjorden. Frå ca. 1740 til 1840 var det ein slags gjestgjevarstad, eller «øltapperie», på Strengklauv. Garden har hatt to bruk, og det har vore husmenn i Juvik og Storemyr. Strengklauv fekk innlagd straum i 1958.[3] Garden har ikkje køyreveg, og bruka er nedlagde.
Namnet Strengklauv skal tyde strengklova, som er hakket til bogestrengen bak i pilskaftet.[3] I kjelder er namnet skrive «Strengelof» (kan vere skrivefeil for Strengeclof) i 1667, «Strenklev» i 1773, og «Strengkløv», «Streinklev» og «Strengklauen» på 1800-talet.[3]
Statens Kartverk har godkjend skrivemåtane «Klauva» i 1967, «Klaua» i 1974 og «Hamre» i 1986.[5]
Gardsnamnet Strengklauv er ikkje i bruk andre stader i landet, men Oluf Rygh nemner eit forsvunne stadnamn «Streingklawm» i Dyrøy.[6]