Eit substrat er i lingvistikken det språket som opphavleg vert snakka i eit område når eit anna kjem og tek over i samfunnet. Det språket som tek over i samfunnet vert kalla superstrat.
Eit døme på substrat er det iberiske språket som vart snakka på den iberiske halvøya då Romarriket invaderte halvøya og latin vart offisielt språk. Eit anna eksempel er samisk substrat i nordgermansk.[1] Eit meir heimleg døme er overgangen i det samiske området frå ukjent paleolitisk-europeisk til samisk.[2]