Suldalsosen er ein stad i Suldal kommune i Rogaland. Suldalsosen ligg ved den sørvestre delen av Suldalsvatnet, og var tidlegare eit sentralt utgangspunkt for ferdsla på vatnet. På Suldalsosen finn ein òg administrasjonen til Statkraft sitt Ulla-Førre-anlegg, og det er her den, etter kvart landskjente, Ungkarsfestivalen finn stad. Det finst to butikkar, bensinstasjon, skule, barnehagar, aldersheim og kyrkje på staden.

Kjelde

Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden.