Sune er eit mannsnamn av nordisk opphav, opphavleg danna av gammalsvensk sun med tydinga 'son'.[1] Namnet finst i forma Suni på ei runeinnskrift frå 1000-talet, og har i sin tur gjeve opphav til namneformer som Sone og Såne.[2]
Sune har svensk namnedag den 29. november (sidan 1901) og finsk namnedag den 28. mars.
Namnet blei innført som svensk namnedag i almanakken i 1901, mykje på grunn av det norrøne opphavet. Det var mest populært i Sverige frå 1930-talet til byrjinga av 1950-talet. På 1960-talet blei namnet Sune brukt som eit kallenamn for raggare, som Doris var for «raggarbrudar».
31. desember 2014 var det totalt 13 662 personar i Sverige med namnet Sune, der 5 672 hadde det som tiltalenamn.[3] I 2014 fekk 19 gutar namnet som tiltalenamn.[4]