Surtningssue | |||
fjell | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Område | Lom, Vågå (Innlandet) | ||
Fjellområde | Jotunheimen | ||
Høgd | 2 368 moh. | ||
Primærfaktor | 710 m | ||
Førstestiging | Johan Sverdrup | ||
- dato | Om lag 1840 | ||
Koordinatar | 61°32′03″N 08°34′21″E / 61.53417°N 8.57250°E | ||
![]() Surtningssue 61°32′03″N 8°34′21″E / 61.534166666667°N 8.5725°E | |||
Wikimedia Commons: Surtningssue, Vågå | |||
Surtningssue, òg kalla Surtningssui, er eit fjell som ligg i aust i Jotunheimen, på grensa mellom kommunane Lom og Vågå. Med ei høgd på 2368 meter over havet er dette det sjuande høgaste fjellet i Noreg. Surtningssue består av fleire toppar med til dels svært smale og luftige parti mellom.
Surtningssue når ein enklast frå Memurubu ved den nordlege breidda av Gjende.