Svaner | |
![]() Knoppsvane Cygnus olor | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Underfamilie: | Anserinae |
Slekt: | Svaner Cygnus de Garsault, 1764 |
Svaner er eit samleomgrep for store, vasslevande andefuglar av slekta Cygnus. Dei har lang hals og er som regel reint kvite fuglar som lever i nordlege, ofte kalde, strøk. Sørlege artar er ofte svarte eller svarte og kvite.
Det finst mellom seks og åtte artar svaner, i Noreg førekjem tre av dei: knoppsvane, songsvane og dvergsvane.
Svaner i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2] Fakta om raudlistestatus, populasjon og utbreiing er frå oppslag i BirdLife International sine nettsider 'Data Zone', 20. november 2012.[3]
Namn | Vitkapleg namn | Status | Author | Utbreiing |
Knoppsvane | Cygnus olor | LC | Gmelin, 1789 | Store delar av Eurasia, sjeldan gjest i nordlege Afrika, introdusert til Nord-Amerika, Australasia og sørlege Afrika |
Svartsvane | Cygnus atratus | LC | Latham, 1790 | Sørlege og sørvestre Australia, gjeninnført på New Zealand |
Svarthalssvane | Cygnus melancoryphus | LC | Molina, 1782 | Sør-Amerika |
Trompetersvane | Cygnus buccinator | LC | Richardson, 1832 | Nord-Amerika |
Dvergsvane | Cygnus columbianus | LC | Ord, 1815 | Holarktis, hekkar i arktisk og subarktisk tundra, trekkfugl |
Songsvane | Cygnus cygnus | LC | Linné, 1758 | Nordlege Eurasia, trekkfugl som overvintrar i isfrie område i Europa og Asia. |