Symreslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Ranunculales
Familie: Soleiefamilien Ranunculaceae
Slekt: Symreslekta Anemone
L., 1753

Symreslekta (Anemone) er ei planteslekt i soleiefamilien. Ho omfattar rundt 200 artar som veks i tempererte område. Dei er nært i slekt med Hepatica og Pulsatilla, som nokre botanikarar meiner også bør reknast med til symreslekta.

Medlemane av slekta er fleirårige plantar med jordstengel. Ein krans med fem eller ofte seks (sju) kvite eller farga blomsterblad, og under dei tre grøne sveipblad som er flika og sit eit stykke nedanfor blomsteren. Dei har kort griffel.

Symrenamnet er blitt brukt om eit knippe vårplantar utan slektskap seg i mellom, og berre nokre av dei høyrer til symreslekta.

Norske artar

Kvitveis

To artar veks i Noreg:

Artar

Anemone rivularis
Anemone tuberosa

Flora of North America frå 2008 listar opp 150 artar, mellom anna:[1][2]


Artar frå slekta Pulsatilla

Blåveis

Artar frå slekta Hepatica

Kjelder

  1. FNA 2008
  2. The Plant List 2013, Anemone