Sypresslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Cycadophytanae
Rekkje: Bartre Pinophyta
Klasse: Pinopsida
Orden: Furuordenen Pinales
Familie: Sypressfamilien Cupressaceae
Underfamilie: Cupressoideae
Slekt: Sypresslekta Cupressus
L., 1753

Sypresslekta (Cupressus) er ei biologisk slekt av bartre i sypressfamilien (Cupressaceae). Artar i slekta kjem opphavleg frå Asia, Nord-Amerika og middelhavslanda. I Nord-Amerika omfattar ho artar som tidvis blir gjevne eit eige slektsnamn, gullsypresslekta eller nutkasypresslekta (Callitropsis). I norsk nomenklatur opererer ein også ofte med nutkasypress som ei eiga slekt – nutkasypresslekta (Chamaecyparis),[1] men internasjonalt har denne arten vore rekna til sypresslekta sidan 2000, og Chamaecyparis blir normalt kalla «dvergsypresslekta».

Vanleg sypress, Cupressus sempervirens.

Artane i slekta blir 5-40 meter høge, og konglane 1-4 cm lange. Fleire av artane spreier seg ved å bevara frøa i lukka kongler under skogbrann, og kolonisere det nybrente landskapet etter at morplanten er øydelagd.

Det er 16-25 artar i slekta. Arten nutkasypress – tidligere Chamaecyparis nootkatensis – blei lenge rekna til dvergsypresslekta, men DNA-analyse og genetisk systematikk[2] har ført han tilbake til det opphavlege namnet og plasseringa frå 1824-41 i sypresslekta, som Cupressus nootkatensis.

Artar

Eit utval artar frå slekta:

Eurasia

Nord-Amerika (artane tidvis plassert i gullsypresslekta eller nutkasypresslekta, Callitropsis)

Kjelder

  1. Lid, Johannes, D. T. Lid, Reidar Elven (red.), Norsk Flora, Det norske Samlaget, 7.utgåva, 2005, side 149.
  2. Gadek et al., 2000

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Sypresslekta